[email protected]


Logo
Bli medlem
Kajakk

For English, see below

Kajakkutleige

Med støtte frå Bergen og Omland Friluftsråd tilbyr Stanghelle Idrettslag (SIL) kajakkutleige.

Pris: 100 kroner per dag for vaksne. Gratis for dei under 18 år, men dei må vere i følgje med ein vaksen.

Vi har åtte singelkajakkar og ein tandemkajakk. Nokre av kajakkane heng på eit stativ på brygga i Litlavika, nedanfor Ardalsvegen, medan resten ligg i eit grått naust om lag 100 meter i retning jernbanebrua. I naustet finn du padleårer, redningsvestar, spruttrekk og kontraktar med eigenerklæring.

Dei raude kajakkane er standardkajakkar og passar for nybegynnarar. Kajakkane merka LV og HV er smalare og krev at padlaren har god balanse. LV passar for padlarar som veg opp til 80 kg og er opptil 170 cm høge. HV passar for padlarar som veg meir enn 80 kilo og som er opp til 195 cm høge. Alle singelkajakkar har maks lastevekt på 150 kg. Tandemkajakken har maks lastevekt på 210 kg. Den anbefalte vekta på padlarar av tandemkajakken er 55-102 kg.

Utleige berre mellom klokka 10.00 og 22.00. Det er ikkje mogleg å leige ein kajakk for fleire dagar i strekk.

Vi driv kajakkutleiga på frivillig basis og har ikkje oversikt over kor mange kajakkar som til einkvar tid er utleidd. Vi kan ikkje halde av kajakkar til deg, men det er sjeldan at alle er utlånt.

Dei som leiger kajakk må ha introduksjonskurs/våtkort, eller vere i følgje med ein vaksen som har det. Du lånar kajakk på eige ansvar. Eventuelle skader må du melde umiddelbart til [email protected].

Slik går du fram:

Send oss ei melding via Facebooksida "Kajakkutleige Stanghelle idrettslag" for å få eit autosvar med koden til naustet og kajakkstativet. Om du ikkje har Facebook eller Messenger kan du kontakte Marion Gjermo Jakobsen på 477 59 190 or Gunhild Brubakken på 996 47 062.

Betal via Vipps #82370, eller legg kontantar i postkassa i naustet. Du finn kontoopplysningar i naustet om du ynskjer å betale med bankoverføring.

---

With support from Bergen og Omland Friluftsråd, Stanghelle Idrettslag (SIL) offers kayak rental.

Price: NOK 100 per day for adults. Free for anyone under 18, but they must be accompaniet by an adult.

We have eight single kayaks and one tandem kayak. Some of the kayaks are on a rack on the pier in Litlavika, below Ardalsvegen, while the rest are stored in a grey boathouse about 100 metres towards the railway bridge. The boathouse also contains paddles, life jackets, spray skirts and rental agreements with self-deflaration forms.

The red kayaks are standard kayaks and are suitable for beginners. The kayaks marked LV and HV are narrower and require greater balance and paddling skills. LV is suitable for paddlers weighing up to 80 kg and up to 170 cm tall. HV is suitable for paddlers weighing more than 80 kg and up to 195 cm tall. All single kayaks have a maximum load of 150 kg. The tandem kayak has a maximum load of 210 kg. The recommended weight for each paddler in the tandem kayak is 55-102 kg.

Rental is available between 10:00 and 22:00 only. Kayaks cannot be rented for several consecutive days.

We run the kayak rental on a voluntary basis and do not have an overwiew of how many kayaks are in use at any given time. Kayaks cannot be reserved, but it is rare for all of them to be in use.

Anyone renting a kayak must have completed an introductory paddling course/wet card, or be accompanied by an adult who has one. Kayaks are rentet at your own risk. Any damage must be reported immediately to [email protected].

How to rent a kayak:

Send us a message via the Facebookpage "Kajakkutleige Stanghelle idrettslag" to receive an auto-reply with the code for the boathouse and kayak rack. If you don't have Facebook or Messenger, you can contact Marion Gjermo Jakobsen at 477 59 190 or Gunhild Brubakken at 996 47 062. 

Pay via Vipps #82370, or leave cash in the mailbox in the boathouse. You will find bank details inside the boathouse if you prefer to pay by bank transfer.