[email protected]


Logo
Bli medlem
Kajakk

Løpekurs i regi av SIL

Forfatter: Adrian Kydland Skaftun

04. juli 2026

Løping
Kurs
News article image

SIL arrangerer løpekurs

SIL har vert så heldige å få med Jonas Lillejord til å kjøre et 12 ukers løpekurs. 

Kurset passar for alle nivå, men me har sett ei aldersgrense på 16 år (eller det året du fyller 16). Du treng ikkje å springe eit visst tal kilometer i veka for å vere med – me ønskjer å få endå fleire med på løpebølgja!

Påmelding og meir info finner du her.

Om instruktøren

Instruktør for kurset er Jonas Lillejord (28) frå Osterøy. Han er utdanna fysioterapeut og har fleire års erfaring med langdistanseløping på nasjonalt nivå.

Jonas brenn for å gjere løping tilgjengeleg for alle, uavhengig av nivå og erfaring. Han meiner dei fleste kan lære seg å trivast med og meistre løping gjennom god oppfølging og tilpassa progresjon.

Om kurset

Kurset har fokus på å byggje opp løpekapasiteten på ein trygg og motiverande måte, med vekt på progresjon, skadeførebygging og treningsglede.

Deltakarane får både teoretisk og praktisk innføring i løping, i tillegg til enkle styrkeøvingar og konkrete treningsøkter som dei kan arbeide med mellom samlingane.

⚠️ Me har avgrensa tal plassar, så ver tidleg ute med påmeldinga!