Ny ballbane på Stanghelle Vest til sommaren
Forfatter: Sissel Gjermo Eriksen
10. april 2024
Anleggsgruppa til Stanghelle Idrettslag ser for seg at bana står ferdig til sommaren
Fantastisk dugnadsånd på Stanghelle!
Ein gjeng med frivillige i anleggsgruppa bygger ballbinge på Stanghelle Vest og både store og små gler seg til den er ferdig. Her skal det vere plass å spele 5-ar fotball og me ser for oss at dei minste skal kunne både trene og spele kampar her.
Bana blir bygd med restar frå tidlegare tildelte midlar frå Trond Mohn og Nyhill sine donasjonar til Stanghelle aktivitetspark på Brekkjen. I tillegg til investeringsmidler fra kommunen og tilskot fra Sparebanken Vest. Byggjeløyve har ein fått frå kommunen som er grunneigar.
Har du lyst til å bidra med dugnadsarbeid så er det berre til å ta kontakt.