[email protected]


Logo
Bli medlem
Kajakk

Reisebrev frå Ungdommens Badminton Mesterskap

Forfatter: Ole Andreas Dale

13. april 2026

Badminton
Forside
News article image

Reisebrev frå Ungdommens Badminton Mesterskap

Med baggen pakka, satte me kursen mot Sandefjord for å representere Stanghelle IL i junior NM i badminton. For oss var dette et av årets store høydepunkt – ein arena kor me fekk mulighet til å møte landets beste spelara, samtidig som vi bar med oss støtta frå klubben.

Å stille til start i NM handlar ikkje berre om resultat, men også om utvikling, erfaring og det å kjenne på nervena før kampstart. Gjennom helga i Sandefjord fekk me utfordra oss sjølv, kjent på både oppturer og nedturer, og ikkje minst opplevd gleden ved å konkurrere på et høgt og utfordrande nivå. Det stiller 230 deltakara og over 600 kamper speles gjennom helga.

Me spelar i U15 som me rykka opp til før denne sesongen. Dermed er mange av deltakarane 1 år eldre enn oss og det blir mykje tøff motstand.

Me vil gje eit innblikk i det å delta og å representere Stanghelle IL – både på og utanfor bana.

Torsdag ettermiddag reiste me spente avgårde mot Sandefjord for å rekke fyrste kamp fredag kl 12.

Custom image

Leo-Zacharias starta med singel og fekk ein litt nervøs start og tapte fyrste sett. Heldigvis henta han seg inn igjen og tok dei to påfølgande setta med sjølvtillit. Dette vart fyrste av heile seks sigrar han innkasserte denne dag. 4 i singel - 2 seiere i gruppespelet, 32 delsfinale og 16 delsfinale. I dobbel som han spelte saman med sin faste makker frå Bergen Badmintonklubb vant dei 2 kamper og dermed pulja si. Dette betyr at han er videre frå gruppespelet og får fortsetta å kjempa om ei god plassering lørdag.

Custom image

Mathilde starta fredagen i motsatt rekkefølge og starta med dobbel. Denne gongen var ho utan sin faste makker frå Askøy badmintonklubb og spelte med ei ukjent jente frå Trøndelag. Dei fekk ein god start og vant fyrste kamp med god margin. Deretter fekk dei tøff motstand mot to som er topp 5 i Norge. Dei hang lenge med, men måtte gje tapt og var dermed ute av dobbel og enda på 10.plass.

I singel fekk ho to gode kampar og tok seg vidare frå gruppespelet og får dermed fortsette med singel lørdag.

Det vart ein lang dag og me var ikkje tilbake på spelarhotellet før 21.30.

Lørdag morge ringte klokka litt før me skulle ønska. Me skulle ha offisiell åpning av NM med innmarsj der alle klubbane vart presentert etterfulgt av nasjonalsongen. Det var litt flaut å gå inn foran alle, men heldigvis var me to deltakarar som marsjerte inn mens dei presenterte Stanghelle IL på storskjermen.

I dag starta me med mix og hadde havna i ei krevande pulja. Me fekk virkelig brynt oss og måtte kjempa for kvart poeng. Det vart stang ut og me tapte dei to kampane i pulja vår. Me tar med oss erfaringane frå kampane og kva me må øva meir på på treningane framover.

Custom image
Custom image

Så var tida inne for å fortsette med singel. Mathilde fekk ein komfortabel seier og tok seg vidare til 16-dels finalen. Her var det det klar for ein mental prøve då ei som ligg i toppsjiktet stod på motsatt side. Me var enige om å bruke kampen til å lære, men før vi visste ordet av det hadde Mathilde sikret ein komfortabel seier i fyrste sett, 21-13 og byttet side med eit lurt smil om munnen. Motspelaren fekk då ein ordentlig peptalk av trenaren sin og såg seg ikkje tilbake derfrå. Mathilde gjekk ut av turneringa på ein 17 plass, av 60 deltakarar.

Leo-Zacharias og makkeren i dobbel var klar for 8-dels finalen. Her møtte dei eit sterkt par frå Grong som klarde å få dei ut av balanse og dei enda med ein sterk 9.plass.

I singel var det nr 7. i Norge som stod på motsatt side og han verka å virkelig ha bestemt seg for å ta kampen. Han gav lite plass til Leo-Zacharias sitt spel og det endte med tap. Her enda det med 9. plass av 83 spelara.

Custom image

Lørdag kveld var det bankett. Då styla alle seg opp i flotte klær og det var stor buffet både til middag og dessert! Det var underholdning med kahoot og kåringer av ulike kategorier som ein kunne nominere spelara til å vinne. Her vart me kjent med andre spelara og hadde ein kjekk kveld.

Dette har vert ei skikkelig kjekk helg! Me er stolte av å kunne stille i eit junior NM og presentere ein liten breddeklubb som Stanghelle IL og bite litt frå oss mot dei store badmintonklubbane. Dei fleste me møter i desse turneringane er frå profesjonelle badmintonklubber der alt blir tilrettelagt både med tanke på treningsopplegg og turneringar. Her er me i Stanghelle IL i ein anna posisjon som breddeklubb. Likevel har me klard å bygge opp eit positivt badmintonmiljø og har no fått ein flott gjeng som deltar på miniton 1 dag i veka, der me får vere trenara og lære vidare det me kan. Kanskje ser me desse delta i mesterskap om nokre år.

Tusen takk for at Stanghelle IL bidrar slik at me har anledning til å utvikle oss og stille på store arrangement som dette.

Me er klare for å legge ned innsatsen som trengs for å kjempe vidare og forhåpentligvis klatre vidare oppover på rankinglistene.